Tre felling

Tre felling

Forsand Elverk KF hjelper grunneigarar med tre felling dersom det er fare for skade på linjenettet.

  • Dette gjeld om du skal felle tre nærare enn 30 meter frå våre høgspentlinjer, eller farleg nært våre lågspentlinjer.
  • Er du uheldig og feller eit tre på ei av linjene våre skal du ikkje prøve å ta treet av linja. Du må då raskt ta kontakt med vår vakttelefon

Skader på linje kan medføre erstatningsansvar

Tre som blir felt av hensyn til personsikkerhet og leveringssikkerhet blir utført av Forsand Elverk KF utan kostnad. Tre som blir felt etter grunneigar sitt ynskje av andre årsaker blir fakturert etter medgått tid.