Nytilknytning/utviding

NYTILKNYTTING/UTVIDING

1 Generelt

Generell orientering om prosessen i forbindelse med tilknyting av nye anlegg og installasjonar i Forsand Elverk KF sitt nett

2 Prosessen

2.1 Utbygger engasjerer installatør

Utbygger bestiller utføringa av den elektriske installasjonen i bygget hos elektroinstallatør. Beskyttelsesjording/ fundamentsjord leggast før grunnmuren, installatøren bør derfor engasjerast tidlig i byggeprosessen. Utbyggar må fylle ut nettleiebestilling som installatøren sender inn saman med ”Melding om installasjonsarbeid”. Underskrifta på nettleiebestillinga bekreftar at installasjonseigar aksepterer tilknytings og leveringsvilkår.

2.2 Installatør melder frå om nytt anlegg

Installatøren sender inn «Melding om installasjonsarbeid«med opplysningar om den nye installasjonen. Det nyttast skjema ”melding om installasjonsarbeid”. Nettleiebestilling leggast ved.

2.3 Forsand Elverk KF vurderer henvendinga og svarer

Ut frå opplysningar i meldinga vurderer elverket kor den nye installasjonen kan knytast til strømnettet og om dette må forsterkast for å kunne levere til den nye installasjonen. I svaret til installatør angir elverket tilknytingspunkt i tillegg til annan informasjon.

2.4 Kostnadar ved tilknytingen – anleggsbidrag

Alle kostnadar for naudsynte tiltak i straumnettet i samband med nytilknyting eller forsterkning, må dekkast av utbyggar som anleggsbidrag. Tilknytingsavgift kjem til frådrag på anleggsbidraget. Les meir om anleggsbidrag her: Anleggsbidrag Forsand Elverk KF

2.5 Samsvarserklæring og ferdigmelding

Samsvarserklæring skal skrives for alle nye installasjonar, eller endringar i eksisterande installasjonar. Erklæringa er en garanti om at anlegget er i samsvar med gjeldande sikkerhetskrav både for prosjektering og utføring og skal oppbevarast hos eigar av anlegget. Samstundes med samsvarserklæring sender installatør ferdigmelding til Forsand Elverk KF. Anlegget er då klart til montering av målar og tilkopling av spenning. Dette bestillast av installatøren eller anleggseigar hos elverket.

3 Kva utbyggar må ta hand om i byggeprosjektet

3.1. Byggestraum

Byggestraum kan bestillast hos Forsand Elverk KF

3.3 Graving av kabelgrøft

Nettselskapet sin leveringsplikt er fram til tilknytingskap. Graving av grøft og kablar/stikkledning er nettselskapet sitt ansvar.

3.4 Kabler for andre tjenester

Kabler for andre tjenester som telefon , etc kan leggast i same grøft som stikkledningen til bygget.

Ord og uttrykk:

  • Stikkledning: Kabel eller luftledning som fører frå elverkets tilknytingspunkt til inntaket
  • Inntakspunkt:Sted på bygning der kabel/luftledning første gang festes til eller berører bygningen som skal forsynes
  • Tilknytingspunkt, tilkoplingspunkt: Der kor stikkledning tilknyttes elverkets sitt nett. I dette punktet sikrast stikkledninga mot kortslutning.
  • Overbelastningvern: Vern som beskytter inntaksledning mot overbelastning, i anleggseigars anlegg.
  • Hovedsikring: Utstyr for frakopling av eit anlegg.
  • Jordfeilbryter: Utstyr for å sikre frakopling av anlegget ved feil i anlegget.
  • Anlegg: Fast elektrisk system som får elektrisk kraft levert over måler iht avtale/abonnement med nettselskap
  • Installasjon: Sammenkobling av elektrisk utstyr for bestemte formål innenfor eit definert område.
  • Anleggsbidrag: Dekning av utgifter ved nye installasjoner ellet utvidingar iht Forskrift.

Regulert i forskrift av 11. mars 1999 nr 302 om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettvirksomheten og tariffer, del V (kontrollforskriften). Se NVE

For utskrift, «Nytilknyting/utviding»