For nye kundar…

Valg av kraftleverandør

Når eit anlegg blir tilkopla vil det få Forsand Elverk KF som nettleverandør.Du må ta stilling til kva for ein  kraftleverandør du ynskjer.Dersom du ikkje vel kraftleverandør blir du lagt på leveringsplikt. Vi gjer merksam på at ventetariffen er ein dyr kraftavtale og tilrår deg snarast opprette avtale med ein kraftleverandør.

Forsand Elverk KF som nettselskap skal i fylgje forskrifter frå NVE opptre nøytralt ved kundane sine valg av kraftleverandør.

I tillegg til Forsand leverer desse kraftleverandørene kraft i Forsand sitt nett: Leverandørliste

Leveringsplikt

Nettselskapa er pålagt såkalla leveringsplikt. Forsand Elverk KF er dermed pålagt å levere kraft til kundar utan gyldig kraftleveringsavtale. Denne kraftleveransen er kalla ventetariff med fylgjande prisar:
- Fyrste 6 veker : Nord Pool Spotpris i området + 5,0 øre/kWh påslag + MVA
- Utover 6 veker : Nord Pool Spotpris i området + 8,0 øre/kWh påslag + MVA

Ventetariff er ei mellombels løysing for kundar utan kraftleveringsavtale. Kundar på denne tariffen blir oppfordra til SNARAST å skaffa seg ein kraftleverandør

Les meir på NVE sine sider og leveringsplikt

 

 

Korleis byter eg kraftleverandør?

Din nye kraftleverandør vil som regel hjelpe deg med dei praktiske gjeremåla rundt eit bytte.  Ta kontakt med den leverandøren du ynskjer å bytte til. Det er ein fordel å ha den siste fakturaen frå din nåverande leverandør tilgjengeleg fordi den inneheld informasjon som din nye leverandør vil trenge. Dersom du ikkje har installert ein målar som les av forbruket automatisk, vil det også vera nødvendig å lesa av målaren ved skifte.
Vanlegvis blir det ikkje kravd meir av deg enn at du bestiller ein avtale frå din nye leverandør og les av straummålaren din ved byttedatoen.
Du blir beden om å oppgi:
-          Målepunkt ID

-          Fødselsdato/organisasjonsnummer

-          Namn/Firmanamn

-          Adresse for anlegget

Kraftleverandøren har rutiner for å varsle din nåverande kraftleverandør og netteigar om leverandørskifte

Meir informasjon om kraftprisar og kraftleverandørar finn du ved å gå inn på konkurransetilsynet sine nettsider: Konkurransetilsynet

 

Nettleieavtale:

Standard nettleigeavtale – privatkundar

Standard nettleigeavtale – næringskunder mm

 

Bestilling:

Skjema for best av nettilknyting