Erstatning ved langvarig straumavbrot

Erstatning ved langvarig straumavbrot

Dersom straumen er borte i meir enn 12 timar samanhengande på grunn av feil i Forsand Elverk KF sitt nett, har kunden krav på erstatningsutbetaling.
Myndighetene har fastsett fylgjande satsar:

  1. 1.      Kr 600,- for avbrot  over 12 timar til og med 24 timar.
  2. 2.      Kr 1.400,- for avbrot  over 24 timar til og med 48 timar.
  3. 3.      Kr 2.700,- for avbrot over 48 timar til og med 72 timar.

 

For avbrot over 72 timar skal det gis eit tillegg på kr 1.300,- for kvar nye påbegynte 24-timars periode avbrotet varer.
Sluttbrukar må fremje krav etter fyrste ledd innan rimeleg tid etter at normal forsyning blei gjenoppretta.
For fritidsbustader kan samla årleg krav ikkje overstige forventa innbetalt nettleie for inneverande år.

For kortare avbrot enn 12 timar vil kostnadene for ikkje levert energi – KILE, kome til fråtrekk på samla nettleige for året.