Nye målare

AMS (Avansert Måle System) – nye målare
Arbeidet med innføring av AMS er no igang.

I samarbeid med OneCo har vi i dag starta arbeidet med å byte målarar på alle anlegg i Forsand. Innan 31.12.2018 skal alle ha fått nye målarar. Dette er eit krav frå myndigheita.

 

Kundar vil bli direkte kontakta i god tid før montering.

Lurer du på noko så ta kontakt!

 

Vi treng ditt mobilnummer
Grunna lovpålagd innføring av AMS skal vi byte ut alle straummålare i Forsand. Vi vil oppfordra alle våre nettkundar om å registrere mobilnummer du vil bli kontaktet på. Du kan gjere det på epost: post@forsandelverk.no, ringe 51700150 eller SMS til  99548832.